Dette er ein kommentar som gjev uttrykk for skribentens meiningar. Artikkelforfattar Stig Even Lillestøl er førstekandidat for Framstegspartiets stortingsliste i Sogn og Fjordane valkrins.
Det tidlegare fylket Sogn og Fjordane vil sjå auka etterspørsel etter kraft i framtida, særleg frå industrien. Løysinga er blant anna å produsere ny stabil, lønsam, trygg og grøn kraft.
Kraft vil vi trenge meir av framover, sjølv utan klimapolitisk kraftsløseri. Billig energi er ein av grunnpilarane for menneskelig velstand. Og det beste alternativet no, er kjernekraft. Kvifor dette er ein god idé, vil eg her oppsummerer i fem punkt:
Ein: Tryggleik. Kjernekraft er den tryggaste måten å produsere straum på. Til tross for historisk frykt rundt kjernekraft, var det ingen som mista livet i Fukushima- eller Three Mile Island-ulukkene. Og WHO reknar at på lang sikt kan rundt 4000 dødsfall tilskrivast Tsjernobyl-ulukka, som ikkje ein gong kunne skjedd med moderne SMR-teknologi. Samstundes døyr åtte millionar kvart år av luftforurensing, og vi har hatt fleire eksempel gjennom historia kor hundrevis og tusenvis har døydd som følgje av demningar som har kollapsa. Kor er vannkraft-angsten? Ein rapport konkluderer faktisk med at kjernekraft ikkje berre er tryggare enn fossil energi og vannkraft, men også vindkraft. Det er omtrent like trygt som solkraft.
To: Stabilitet. Kjernekraft leverer ikkje kun når sola skin eller når det bles, og det stoggar ikkje etter lange periodar med lite nedbør. Eit kjernekraftverk kan levere uavhengig av tid på døgnet og endringar i miljøet rundt. Stabilitet er viktig for å unngå straumbrot som vi nyleg såg i Spania. I ytterste konsekvens er dette livsfarlig. Minst 246 døydde då straumen gjekk i Texas i 2021. Sjå for deg eit ustabilt straumnett kollapse ein kalder vinter i Noreg. Dessutan krev delar av industrien uforstyrra tilgang på kraft for at utstyr ikkje skal bli øydelagt, og for folk flest vil stabil straum hindre at prisane brått mangedoblar seg. Vi kan altså ikkje ha for mykje sol og vind i energimiksen.
Tre: Arealbruk. Ein moderne SMR-reaktor krev berre eit areal på størrelse med ei fotballbane. Kjernekraft bruker 99.7 prosent mindre areal enn landbasert vindkraft. Med andre ord, vi får 350 gonger mindre inngrep i naturen vår. Dessutan kan ein reaktor plasserast inne i fjell, som kan ha sikkerheitsmessige fordelar i ein krigs- eller krisesituasjon.
Fire: Klimavennleg. Mange fagfolk og ekspertar peikar på menneskelege co2-utslepp som ei betydeleg medvirking til global oppvarming. Kjernekraft er grønt og slepp ikkje ut co2. Skal vi føra ein klimapolitikk som er kompatibel med økonomisk velstand, er kjernekraft uunngåeleg.
Fem: Lønsemd. Selskapet Norsk Kjernekraft seier dei ynskjer å bygge kjernekraft i Noreg utan ei krone i støtte frå staten. Dei har lenge fått ei kald skulder frå politikarar som foretrekk å gje mange milliardar til flytande havvind, som truleg aldri blir lønnsamt. Det internasjonale energibyrået (IEA) trur kjernekraft vil bli så billig at det i snitt vil koste under 40 øre per kilowatttime over ein hundreårsperiode, når alle kostnadar er dekka. Andre anslår rundt 50 øre per kWh. Fleire andre energikilder risikerer altså å bli utkonkurrert. På grunn av kostnad og stabilitet, satser allereie teknologiselskapa Google, Microsoft og Amazon på kjernekraft for å sikre grøn kraft til å drive kunstig intelligens og datasenter. Kostnadsanalyser som kun ser på gamle, store og dyre prosjekt eller ikkje tar hensyn til systemkostnadar for grøne straumnett, kan ikkje redelig nyttast i møte med moderne teknologi innan kjernekraft.
Det blir ikkje sett opp noko kjernekraft i Sogn og Fjordane heilt med det første. Men byggeprosessen tek ikkje meir enn ti år, skal vi tru Norsk Kjernekraft som nyleg heldt foredrag for oss i FrP på Skei. Dei meiner det første norske kjernekraftverket kan stå klart i 2035. Eg kan forsikre alle som er uroa for klimaendringar om at arbeidet for å redusere co2-utslepp ikkje er over før den tid.
FrP har allereie fremma forslag på Stortinget om at Noreg skal arbeide for eit nordisk samarbeid for utvikling av kjernekraft. Sverige og Finland er langt foran oss på dette området, så det er naturleg å samarbeide med dei. Vi ynskjer og å kartlegge thoriumforekomstar i Noreg og finne ut om thorium kan utvinnast lønsamt her til lands.
Får Høgre og dei raudgrøne bestemme, vil det byggast ut meir ulønnsam kraftproduksjon som skal brukast av ulønnsame grøne prosjekt, samtidig som Noreg skal eksportere enorme mengder straum. Det blir svindyrt for både næringsliv og arbeidsfolk. FrP er det einaste partiet som har ei realistisk innstilling i klima- og energipolitikken.
Kjem eg på Stortinget etter valet i september, skal eg arbeide for låge energiprisar og kjernekraft i Noreg. Dette er god politikk for alle som ynskjer auka velstand og tryggleik for både nordmenn og menneske over heile verda, spesielt om framtida vil by på store klimarelaterte utfordringar.
Dykk kan følgje politikarsida mi på Facebook ved å trykkje her.