«La oss ta tilbake den nøytrale skulen» 

Avatar photo
Emanuel Aarseth og Simon Tobias Olsen
Elevar ved Vassenden skule
Publisert 20. juni 2025 | 16:49

Dette er et eksternt innlegg og gir uttrykk for skribentenes meninger.

Vi er to elevar som valde å boikotte dei siste skuledagane. Kvifor? Fordi Vassenden skule heiste pride-flagget.

Det som for somme er eit symbol på inkludering, opplevast for oss – og mange andre – som ekskluderande. Som kristne og Konservative elevar føler vi oss oversett og trakka på i ein skule som skal vere for alle

Vi meiner det er feil at ein offentleg skule – som skal vere livssynsnøytral – flaggar for ei bestemt politisk og ideologisk rørsle. Pride handlar ikkje berre om respekt for homofile og transpersonar. Det handlar også om kjønnsideologi, aktivisme og verdistandpunkt som mange av oss ikkje deler. Då er det urettferdig at nett dette flagget skal hengje på skulebygget, utan at vi får seie imot utan å bli stempla som «trangsynte» eller «hatefulle». 

Vi blir fortalt at flagget skal skape inkludering. Men kvifor føler vi oss då ekskluderte? Det norske flagget – som samlar oss alle – vert nesten aldri brukt på skulen, medan pride-flagget får ein heil månad. Det handlar ikkje om hat eller forakt – vi meiner berre at ein offentleg skule ikkje skal ta stilling i slike spørsmål. Barn og unge treng tryggleik, ikkje ideologisk press. 

Vi veit godt at den norske skulen i si tid blei bygd på kristne verdiar – skular blei starta for at barn skulle lære å lese i Bibelen. I dag ser vi ein skule som ikkje lenger respekterer desse røtene, men tvert imot marginaliserer dei som held på dei.  Simon og Emanuel blir straffa med ugyldig fråvær sjølv om dei har gitt konkrete eksempel på kva skulen kan gjere for at dei føler seg inkludert og at skulen igjen blir livssynsnøytral. Dei har sagt at viss skulen tar ned flagget så kjem dei ikkje til å boikotte lenger. Rektor er ueinig med elevane og meiner at flagget inkludera alle. Dette er sjølvsagt ikkje sanninga. 

Vi er stolte av å vere norske, men det blir stadig vanskelegare når vi ser at tradisjonar, tru og ytringsfridom vert sett til side for aktivisme og symbolske handlingar. 

Vi oppmodar derfor alle skular og politikarar: La oss få tilbake ein nøytral, trygg og samlande skule – ein skule der alle elevar, uansett tru, bakgrunn og verdiar, faktisk får kjenne seg inkludert. 

Vi ber ikkje om spesifikke personar eller organisasjonar sine meiningar, vi ber om at skulen skal følge lova, og ta på alvor vår oppleving og vårt syn av saka. 

Mvh Emanuel Aarseth og Simon Tobias Olsen 

mest lest