Artikkelforfattar Stig Even Lillestøl er førstekandidat for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane valkrins.
Kvifor skal vi regulere korleis foreldre fordelar permisjonen når dei får born? Slikt bør familien få bestemme sjølv.
I dag er det slik at foreldrepermisjonen er delt i tre. Mor får 15 uker, far får 15 uker, og så kan foreldrene fordele 16 uker slik dei sjølv ønsker. Mor kan altså ikkje ta 35 av ukene, sjølv om både ho og far måtte ynskje det, for det er ikkje lov.
Tidligare, då familiane fikk organisere kvardagen sjølv, valgte som regel mor å være heime mykje meir enn far. Mannen var ute i arbeid. Slik kunne vi visstnok ikkje ha det. Vi skulle likestillast. Ikkje berre i arbeidslivet, men også i heimen, har det vore argumentert. Og det gjorde vi ved å nekte kvinnene å få være heime med bornet sitt.
Det er både naturlig og heilt greit at kvinner og menn er ulike, og at dei velger ulikt, meiner eg. Fleire mødre har dei siste åra gått ut i media og sagt at det opplevast både vondt og uansvarlig å gå frå barnet og tilbake i jobb for tidlig.
Håkon Skard, president i Psykologforeningen, har uttalt til NRK at dei ikkje har funne noko faglig grunnlag for å støtte ei tredeling av foreldrepermisjonen. Psykolog Julia Jin Nordeide har sagt at ho er bekymra for at heilt essensiell psykologfaglig kunnskap ikkje er tatt til vurdering, som kunnskap om barnets utvikling, psykisk helse hos mor og barn og stress, for å nevne noke.
Det burde være ei sjølvfølgje at foreldre får fordele foreldrepermisjonen fritt. Mor og far er best egna til å styre eigen kvardag, ikkje politikarane. Det er tross alt kvinner som føder og ammer, ikkje staten.
Ofte velger éin eller begge foreldre å ta ut ulønna permisjon. Ein rapport frå NAV viser at frå 2008 til 2021 har andelen kvinner som tar ulønna foreldrepermisjon økt fra 18 til 48 prosent. Tal frå Foreldrepengeundersøkelsen 2021 viste at halvparten av mødre tar ut ulønna permisjon. Tredelinga er altså dårleg velferdspolitikk.
Det er underlig for meg at vi velger å plage foreldre med heilt unødvendig maktbruk, i ei tid kor den største utfordringa vi står overfor er fødselstal langt under bærekraftig nivå. Dessutan er det nedlatande mot kvinner å seie at dei utøver morsrolla si feil, og at staten derfor må inn i bildet.
Verken Jonas Gahr Støre eller andre politikarar har noko ved middagsbordet dykkar å gjere. Ubodne gjestar skal ut av familieplanlegginga, og arbitrære likestillingsmål må skrotast. Vi i Framstegspartiet skal fortsette å arbeide for meir friheit og mindre overformynderi.