Kor er vyane?

Avatar photo
Oskar Stigen Sørensen
1. varamedlem, Vestland FpU
Publisert 20. april 2026 | 14:34

Dette er et eksternt innlegg og gir uttrykk for skribentens meninger.

I generasjonar har nordmenn vakse opp med ei grunnleggjande tru at livet kjem til å bli litt betre enn det var for foreldra våre. Besteforeldra og oldeforeldra våre bygde landet etter krigen. Foreldra våre opplevde sterk økonomisk vekst, aukande velstand og stadig fleire moglegheiter.

Noreg vart eit av verdas rikaste og mest stabile land, og for dei fleste gjekk utviklinga i ein retning, framover. Kvar generasjon fekk det litt betre enn den førre.

Men i dag er det ikkje lenger like sjølvsagt.

Mange unge kjenner på ei uro for framtida. Det blir stadig vanskelegare å kome seg inn på bustadmarknaden. Skattar og avgifter aukar, medan kjøpekrafta blir pressa. Samtidig høyrer vi stadig oftare om investorar og bedrifter som flyttar kapital og satsingar ut av landet. Når rammevilkåra i Noreg blir dårlegare enn i land vi konkurrerer med, vel fleire å satse ein annan stad. Vi veit at dei ti prosent rikaste betalar 40 prosent av skatteinntektene.

Det burde vere eit alvorleg varsko.

For spørsmålet vi må stille oss, er ikkje berre korleis vi skal fordele verdiane vi har i dag. Det avgjerande spørsmålet er korleis vi skal skape verdiane vi skal leve av i morgon.

Mykje av den politiske debatten i Noreg handlar om fordeling. Mindre handlar om korleis vi faktisk skaper vekst. For utan vekst finst det lite å fordele på sikt.

Frå FpU sitt perspektiv treng Noreg ein ny kurs som set verdiskaping, arbeid og investeringar i sentrum.

For det første må vi gjere det meir lønnsamt å skape verdiar i Noreg. I dag har vi eit
skattenivå som i mange tilfelle gjer det mindre attraktivt å investere i norske bedrifter. Særleg formuesskatten har blitt eit stort problem. Norske eigarar må betale skatt på verdiar som står investerte i bedrifter, medan utanlandske eigarar slepp den same skatten. Resultatet er at norske eigarar får dårlegare konkurransevilkår i sitt eige land.

Det er vanskeleg å forstå kvifor politikken skal vere slik.

Dersom vi vil at fleire skal investere i norske arbeidsplassar, må vi også gjere det meir
attraktivt å eige og byggje bedrifter i Noreg.

Les også: Barna fortjener mer en tomme løfter!

For det andre må vi redusere byråkratiet. Mange gründerar opplever at dei møter eit stort
system av reglar, rapporteringskrav og skjema før dei i det heile får utvikle ideane sine. Staten skal sjølvsagt setje tydelege rammer, men i dag brukar altfor mange småbedrifter tid og ressursar på papirarbeid i staden for å prioritere vekst og innovasjon.

Noreg treng fleire som startar bedrifter, ikkje fleire hinder for dei som prøver.
For det tredje må vi satse meir på kunnskap, teknologi og entreprenørskap. Framtida til norsk økonomi vil i stor grad bli avgjord av korleis vi klarer å utvikle nye næringar. Då treng vi eit samfunn som oppmuntrar til å ta risiko, prøve nye idear og byggje nye verksemder.

Historia viser at økonomisk framgang ikkje kjem av seg sjølv. Han kjem når menneske får fridom til å skape, investere og utvikle nye løysingar.

For det fjerde må vi føre ein familiepolitikk som gjer det lettare å få barn. I dag er fødselstala i Noreg historisk låge. I fjor vart det fødd berre 1,48 barn per kvinne. Det er ikkje berekraftig dersom vi skal klare å finansiere velferda og løyse framtidas utfordringar.

Difor ønskjer FpU å erstatte barnetrygda med ein arbeidsorientert og progressiv
skattereduksjon per barn. Det skal løne seg meir å arbeide og samstundes vere forelder. Ein slik modell vil gi familiar større økonomisk handlingsrom, samstundes som han premierer arbeid og innsats. Målet er enkelt, det er å gjere det tryggare og meir attraktivt å få barn i Noreg.

Les også: De har tatt vare på oss, nå er det vi som skal ta vare på dem!

Til slutt handlar dette om kva slags framtid vi ønskjer for Noreg.

Vi må tørre å tenkje kva Noreg vi vil vere om 20, 30 eller kanskje 50 år. Vil vi vere eit land der unge menneske ser moglegheiter, startar bedrifter og byggjer nye arbeidsplassar? Eller vil vi gradvis bli eit land der stadig fleire gode idear og investeringar flyttar ut?

Dersom vi meiner alvor med at komande generasjonar skal få det betre enn oss, kan vi ikkje slå oss til ro med dagens utvikling. Då må vi igjen våge å føre ein politikk som prioriterer vekst, verdiskaping og fridom.

Noreg vart ikkje rikt fordi politikarar fordelte av kaka. Vi vart rike fordi nokon bakte henne større.

For utan vekst, utan nye idear og utan nye satsingar, står vi i fare for noko Noreg aldri har opplevd før i si moderne historie, at neste generasjon faktisk får det litt dårlegare enn den førre.

Det er difor vi må stille eit enkelt, men avgjerande spørsmål i norsk politikk: Kor er vyane for framtida?

mest lest